Sian-seanse i Arendal

Antifa. Tragiske greier....
Antifa. Tragiske greier….

Av Marie Rørvik

Augustkvelden var mild og likevel var det mindre folk i Pollen enn eg hadde forventa. Ein kamerat kom på sykkel. I veska hadde han plakat med teksten «Respekter ytringsfriheten, folkens». Med denne prøvde vi å markera vår kanskje viktigaste fridom.

Eg var glad og letta over å ikkje sjå plakatar frå Rødt, SV, AUF og Utdanningsforbundet i kveld.

Borti gata såg eg ein tidlegare kollega. Han er palestinar. Me har hatt ein gemyttleg tone tidlegare, men i kveld var han meir lukka. No forstår eg kvifor: Han var alliert med Antifa-folka, og han var tydeleg vis ein som Lars Thorsen kjente til og gav tittelen emiren av Arendal frå sin plass ved mikrofonen. Til Agderposten sa han at han var der for å roa ned ungdommen. Til sist viste det seg at moskeens og Koranens ord vant over nokon av gemytta.
Antifa-mannen i forkant her snakka eg med i fjor. Han viste null islam-kunnskap. Antifa er ein internasjonal bevegelse på ytre venstre. Dei er føst og fremst ute etter vald og bråk.
Antifa-mannen i forkant her snakka eg med i fjor. Han viste null islam-kunnskap. Antifa er ein internasjonal bevegelse på ytre venstre. Dei er føst og fremst ute etter vald og bråk.
Så kom dei trufaste unge med raude flagg. Det raude banneret hadde teksten «Kjemp og gjør motstand». Ved sida av teksten danna ei ung kvinne kommunistsignaturen. Med det var Antifa på plass, som vanleg. Eg prøvde meg med nokon få spørsmål, og svara eg fekk viste lite kunnskap. Men slagorda dei hadde på lappane dei delte ut, blei nesten kontinuerleg ropt med varierande engasjement. Eg prøvde meg på min rett til å lytta til talarane, men dei sto hardnakka på sin eigen ytringsfridom. Politiet er instruert i å ikkje stansa offentleg uorden. Slik har det blitt.
Dei fleste antifa-folka var unge damer. Tenk det: Unge kvinner stiller i vår opplyste tid opp for å hindra at informasjon om vår tids mest valdelege ideologi skal komma fram! Fleire unge muslimske jenter slo seg saman med antifa-folka. Mot slutten blei det delt ut drikke i beger. Der såg eg jammen emiren av Arendal. Lars Thorsen meinte han fotograferte flittig for det muslimske brorskapet. Kva veit me? Kven kan me vera trygge på. Shoaib Sultan frå Antirasistisk senter markerte seg med kamera, eksklusivt munnbind og to langfingrar han tok flittig i bruk, særleg då Grusomme Anna langa ut mot han og islamske verdiar. Han fekk det sirkuset han i forkant rapporterte om at han var klar for. «Arendal rules», skreiv han på FB-sida si.
Politi over alt. Godt planlagt, og det viste seg nødvendig. Kva er det me har lete skje her i landet? Nokon veit om faren, for det var sikkert over 20 politifolk på lur i tillegg til dei som var synlege høgt og lågt før det small.
Det blei meir enn sirkus i Arendal i kvels. Etter at Lars Thorsen hadde hatt to innlegg og Ellen Due Brynjulfsen eitt, kom Anna Bråten på banen. Ho starta dempa. Snakka til dei unge som om det var nettopp det dei var; svært unge. Ho stilte ei mengde utfordrande spørsmål og gav sjølv svar på nokon av dei: Korleis føles det å få litt opplysning om islam? Kven var Muhammed? Han plyndra, drap og tok kvinner til slavar. Ho snakka om utbredt og ekstremt dyreplageri av ein karakter som ikkje har vore vanleg i vår kultur. Ho nemnde danse-ran og drive by shooting som heilt nye fenomen i Skandinavia. Om eige engasjement for kvinner i Iran. Og ho stilte det svært så aktuelle spørsmålet: «Hvorfor må jeg stå her inngjerda?»
Det spørsmålet fekk me svar på etter at ho henta fram Koranen sin og sa: «Her har vi´n,» og lo (rått). Då eksploderte det macho-genet ho eigentleg var litt redd. Fleire unge menn klarte å ta seg over sperringane. Uniformert og sivilt politi storma til frå alle kantar i eit antal som fekk meg til å tenkja på krig. Eg greip tak i armen til kameraten min mens tårene sprengte på. Angriparane vart raskt stansa. Ikkje lenge etter såg eg ein stor politimann sitja med ein ung, mørkhåra mann i armane. Det var som å sjå ein pappa trøysta ein såra son. Jammen er det ikkje verst å komma til Norge å bli teken imot slik.
Veit dei ikkje at nazismen og islam har lett for å finna kvarandre? At dei har mykje likt tankegods?
Veit dei ikkje at nazismen og islam har lett for å finna kvarandre? At dei har mykje likt tankegods?
I kveld fekk eg snakka litt med andre frammøtte. Tre unge jenter viste stor sympati for innvandrarane. Dei hadde hatt fleire i klassen dei meinte fekk for lite hjelp, blant anna til språkopplæring og innføring i vår kultur. Det kan eg vera heilt einig med dei i. Så sa ho eine noko som røpa kor lite ho forsto av kulturkonflikten: Tenk om me hadde komme til deira land og fått høyre slikt som SIAN-folka sa om muslimane. Realiteten er at i muslimske land hadde livet blitt kort dersom me hadde oppført oss slik som nokon muslimar oppførte seg i Arendal i kveld.
Ja, SIAN-folka provoserer. Dei gjer det for å vekkja nordmenn. Strategien kan diskuterast. Kanskje kan det vera kontraproduktivt. Uansett er det utruleg stor motstand mot fakta om islam i dette landet. Kanskje blandar folk flest kva som er muslimar og kva som er ideologien islam. Eg dristar meg difor til å sitera ein svenske: «Ondskapens makt lever på fegheten hos dom goda.» Kanskje er det ikkje feighet, men ein ideologi som deler menneske inn i overgripar og offer som hindrar folk i å sjå. Hos idealistane er muslimar offer. For meg er muslimar først og fremst offer for eigen ideologi, og difor er det vår første og viktigaste oppgåve å setja grenser for det som ikkje er akseptabelt og å markera våre verdiar sterkare enn det me hittil har gjort.
Schoaib Sultan røper sin ståstad.
Schoaib Sultan røper sin ståstad.

Kommentarer

comments

Utenriks